Laget

Osterøy Fjordhestlag vart skipa i 1932. Laget har idag 101 medlemmar kor 66 stk er hovudmedlem og 35 er husstandmedlem.

Den fyrste lagshingsten var “Brakar” 3.pr. som Knut E. Solberg og Johan Hartveit reiste til Norfjordeid på hingsteutstillinga og kjøpte i 1932. Sidan Den gong har det vore mange hingstar i lagetsitt eige, vi kan nemne SylvJarl, Engeseten, Kaiser, Bjuros. I 1999 kjøpte laget Herman, og etter han har me eigd fleire som; Kollistaen, Rudsmo Råssar, Åsedølen, Myklemann og Merinas Emil.

Hesteslepp / avl

Dei siste åra har vi hatt hesteslepp på Hagebø med svært høg føllprosent. Det har heile tida vore målretta avlsarbeid, og det har vist seg å gje gode resultat på utstillingar over heile landet. Vi kan vise til spisshingstar i -96 (Heiagutt) og -97 (Prydar). Av kvalitetshingstar som har stått i trening på Osterøy kan me nemna (Heino, Herman og Peragutt). Mange kvalitetshopper har og blitt ala opp på Osterøy; m.a. 1.premie merra Daysy, (etter Kaiser 2.pr og Folly). Daysy har også gitt gode og lovande avkom.

Aktivitetar
Aktiviteten i laget er stor, og vi er i dag over 100 betalande medlemar. Medlemane har fordelar som går på m.a. billegare/gratis kurs og temakveldar. Midlar til drift av laget har blitt skaffa med lotteri, inntektsbringande dugnader, kiosksal på arrangement m.m. Vi har og gode sponsorar og støttespearar i Lonevåg Beslagfabrikk og Rema 1000.

Av aktivitetar laget er med på kan me nemna; Hesteslepp, Hestens-dag (både lokalt og ‘globalt’), barneriding, open gard, kjørekurs, ridekurs, filminnspeling(reklame og anna), julegatekjøring, utstillingar, rideturar i fjellet m.m.